| Lenge sidan sist! Men her kjem ein bildeserie i frå vest, stort sett haust 2023. Det er mange gode og viktige prosjekt som ikkje er med her, det får vi ha til gode. Men eg kan jo nevna nokon: - Arbeider med 30a 271 på Garnes ifm. sertifisering av kjelen. - Arbeider med sammenstilling av tenderen til 18c 255 på Seimsmark. - Arbeider med 220c 206 på Seimsmark - Ferdigstillelse av innvendig oppussing og tilbakeføring Garnes stasjon - Tilbakeføring av venterom og ekspidisjon, Arna stasjon - Bygging av innredning i 2. etg. på Seimsmark. - Testrigg for justering og overhaling 36 V laderegulatorer på Arna Stasjon. - Testrigg for justering, reparasjon og overhaling av vogngeneratorer på Seimsmark. Og heilt sikkert meir.. Det elektriske anlegget i fleire av vognene har vore ustabilt og brannfarlig dei siste åra, så det å få dette, egentlig solide og fortsatt brukbare utstyret virksomt igjen, er viktig for heilthetsintrykket og bevaring av vognene våre. Ellers er det ein del bilder av Ao 100, som stadig rykker nærare status som driftsvogn og 666 som er planlagt brukt kommande sesong. Har og med ein serie bilder frå då tenderen til 255 kom igjen frå Dåfjorden Slip på Stord. Dei bildene er tatt av Thomas Bolstad .
Tirsdagskveld etter stordriftsdagen. Traktorane går på tomgang mens gjengen diskuterer korleis ein skal få plassert materiellet der ein skal. Uansett, motivet er fint! Skd 90 og Skd 220c 206, med CDFo 620 bak. NJK(mus): Skd 220c nr. 206Garnes12. sep. 2024foto: Håkon Berg Gunnarson
Vi er komt til Seimsmark, og Skd 90 står i hovudspor med ei GBS vogn. Eit stilig syn! Skd 214 nr. 90Seimsmark12. sep. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Dampsesongen er avslutta, Skd 90 og 30a 271 utanfor stallen på Garnes. Trur anledningen var tømming av kol denne dagen. NJK(mus): 30a nr. 271Garnes27. sep. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Skd 48 kjem til nytte i oktober, då er det utvendig vask av vogner før hensetting. Grunnen til at det skjedde så seint er støping og herding av golv på Seimsmark. NSB: Skd 206 nr. 48Garnes18. okt. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Litt av gjengen framfor 666 og Skd 48. 666 er egentlig ei ganske fin vogn, bygd på slutten av trevognepoken, men bær preg av litt manglande vedlikehold dei siste åra. Etter dette følger ein serie om denne. NJK(mus): B22 type 2 nr. 666Garnes18. okt. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
666 er komt i hus på Seimsmark og arbeidene er begynt. På denne jobber både GVB sine dyktige ansatte, og dei frivillige. NJK(mus): B22 type 2 nr. 666Seimsmark2. nov. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Arbeidene fortsetter, mykje av treverket var bra, men stålbeslaga som stiver og bind saman vognkassen var svekka av rust, noko som og pressa ut teakpanelet. NJK(mus): B22 type 2 nr. 666Seimsmark18. nov. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Litt nytt treverk og rustbehandla stålbeslag, pluss nærbilde av holdarane til opningsvindauga. Dette er svært viktig at er i orden, slik at ein får vindua skikkelig på plass med messinglista på riktig side av vannbrettet NJK(mus): B22 type 2 nr. 66618. nov. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Oversiktsbilde hausten 23. Nyreviderte 1904 boggiar til venstre, deretter 18c 255, Skd 221 146, Skd 220c 206, Vogn 789 og 666 i midten, deretter Ao 100 og FV 14012 Seimsmark2. nov. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Dette bildet har eg vel sann omtrent vist før, men slik står altså 255 fortsatt, i påvente av bakerste drivhjulaksel med nye hjulringer frå DB Meiningen GVB(mus): 18c nr. 255Seimsmark18. nov. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Salongen på Ao 100 begynner å bli bra. Himling er malt og eindel listverk er ordna. Teppet må sjølvsagt fornyast NJA: A21 nr. 100Seimsmark12. sep. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Om nokon har kjennskap til ein slik lampettskjerm er vi ein i manko! NJA: A21 nr. 100Seimsmark12. sep. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Sidegangen er også ordna i taket, det elektriske anlegget skal også ordnast. Veggane, dører, etc. er stort sett fint. Arne Stensland, som har jobba utrettelig med vogna i mange år, i enden. NJA: A21 nr. 100Seimsmark12. sep. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Også taket på Ao 100 trong reparasjon, nye lister nederst mot teakpanelet og fornya takpapp. Arne Stensland og Kristoffer Moldestad på stillaste. NJA: A21 nr. 100Seimsmark12. sep. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Arbeidsmaskiner på Garnes, samme dag som juletoget med BM86. Det blir gjort mykje godt arbeid med traseen av forskjellige underleverandørar. Garnes9. des. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
Diverse beslag til maling, Leif Nessan med malingsspannet. Dette er både dørstopparar frå 666 og forskjellige deler til vogngenerator under overhaling. Seimsmark30. jan. 2024foto: Håkon Berg Gunnarson
Vi har også fått oss skjæreplottar til produksjon av sjablongar. Dette vil nok bidra til å sette prikken over Ien på materiellet vi restaurerer! 2. nov. 2023 foto: Håkon Berg Gunnarson
På Seimsmark blir det for tida ferdigsstilt mur mellom vegen og sporområdet, slik at spora kan ferdigstillast. Her har eg dessverre ikkje ferskare bilder, no er murkanten på toppen ferdigstøypt. Seimsmark18. nov. 2023foto: Håkon Berg Gunnarson
og heilt til slutt, for dei heilt spesielt interesserte.. eit vakkert syn eller? Heilt ny teakpanel! 30. jan. 2024 foto: Håkon Berg Gunnarson
Tender og tenderramme reparert, sandblåst og malt profesjonelt, her nettopp komt tilbake frå Dåfjorden Slip på Stord. GVB(mus): 18c nr. 255Garnes12. okt. 2023foto: Thomas Bolstad
Tender og tenderramme reparert, sandblåst og malt profesjonelt, her nettopp komt tilbake frå Dåfjorden Slip på Stord. GVB(mus): 18c nr. 255Garnes12. okt. 2023foto: Thomas Bolstad
Tender og tenderramme reparert, sandblåst og malt profesjonelt, her nettopp komt tilbake frå Dåfjorden Slip på Stord. GVB(mus): 18c nr. 255Garnes12. okt. 2023foto: Thomas Bolstad
Tender og tenderramme reparert, sandblåst og malt profesjonelt, her nettopp komt tilbake frå Dåfjorden Slip på Stord. GVB(mus): 18c nr. 255Garnes12. okt. 2023foto: Thomas Bolstad
Tender og tenderramme reparert, sandblåst og malt profesjonelt, her nettopp komt tilbake frå Dåfjorden Slip på Stord. GVB(mus): 18c nr. 255Garnes12. okt. 2023foto: Thomas Bolstad
Tender og tenderramme reparert, sandblåst og malt profesjonelt, her nettopp komt tilbake frå Dåfjorden Slip på Stord. GVB(mus): 18c nr. 255Garnes12. okt. 2023foto: Thomas Bolstad |